Fadderordninga godt i gang på Valdres vgs
Ideen med fadderordninga er god: Å få dei nye elevane til å kjenne seg velkomne og ikkje så «lost» den første tida på ny og vidaregåande skule.
Ordninga har vorte til etter eit ynskje frå elevrådet i fjor. Allereie fyrste skuledag vart faddergrupper i avgangsklassane kopla med faddergrupper i fyrsteklassane. Dei «store» tok med dei yngste på rundtur i husa, og kontakten var oppretta.
Torsdag var det stor grillfest på skulen. 1000 pølser på grillen er sjølvsagt hyggeleg, men måltidet vart kanskje meir ein kamp om plassen enn sosial trening. Det var vanskeleg å finne kvarandre i mylderet. Etterpå var det leik og moro rundt om på skulen, og sjølv om ikkje alle faddrane fann sine «fadderbarn», vart dei ei fin stund der mange var saman om noko.
Tekst og foto: Kristin Dyve og Katrine Austdal, Medie- og informasjonskunnskap 2/Ole Gunnar Steinsrud, IKT-tenesta