Elevrådet

Elevrådet arbeider med saker som vedkjem elevane på skulen, alt frå undervisning til trivselstiltak. Tillitseleven er talerøyret for dei andre i klassen sin.

Ting som har vore oppe i elevrådet blir i neste omgang drøfta i basisgruppene. Basisgruppene kan også koma med innspel til elevrådet om saker dei vil ta opp. Tillitseleven har då plikt til å tale basisgruppa/klassen si sak. Elevrådet har møte omlag ein gong i månaden.

Styret i Elevrådet er valt av elevrådet. Deira oppgåve er å leie verksemda i elevrådet i det daglege, som f.eks. å ta i mot og arkivere post, gje rapportar og svare på brev, førebu elevrådsmøte med saksliste o.l. Økonomien i elevrådet er det også styret som har ansvaret for. Det skal elles setja i gang tiltak og følgje opp vedtak som er gjort i elevrådet, som f.eks. å behandle klagar og oppfordringar frå elevrådet eller enkeltelevar. Styret har møte etter behov, gjerne i forkant av møta i elevrådet. I tillegg har styret møte med rektor ca 3-4 gonger i året. Her tek rektor opp saker som elevane skal ta med ut til klassane til drøfting og avstemming.

Disse sit i elevrådet skuleåret 2011/12

Leder: Karianne Engellien Anti

Nestleder: Kristian Rudi

Sekretær: Tonethe Bergh

Kasserer: Tuva Sofie Tveiten

Psy. kontakt: Ingrid Fosheim

Styremedlem: Kai Robin Flesvik Nilsen, Erik Bergan og Inger-Lise Skrebergene

Elevrepresentasjon i råd og utvalg     

Arbeidsmiljøutvalg : Kristian Rudi og Hege Rødningen   

Skolemiljøutvalg : Ingrid Fosheim, Sondre Berget, Inger-Lise Skrebergene, Hege Rødningen og Kristian Rudi   

Skoleutvalg : Karianne E. Anti og Melinda Karsrud   

Kantineutvalg : Magnus Skåre Tveten og Kristian Rudi   

Bibliotekutvalg : Solveig Skogstad og Karsten Lund   

Vurderingsprosjektet : Inger-Lise Skrebergene og Kristin Dokken  

Valdres vidaregåande skule, Yrkesskulevegen 2, 2920 Leira Telefon 61 35 66 00 Telefaks 61 35 66 01