Vurdering i orden og i åtferd
Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd. (Forskrift til opplæringslova § 3-2.)
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skulen. (§3-5). Ordensreglementet finn du HER .
Valdres vidaregåande skule bruker verktøyet IUP (individuell utviklingsplan) i Fronter til å gje elevane undervegsvurdering i fag, i orden og i åtferd. Både kontaktlærar og faglærar gjev undervegsvurdering i orden og i åtferd. Eleven vurderer seg sjølv og kommenterer vurderinga til læraren.
Dei generelle retningslinene for vurdering i orden og i åtferd, finn du HER.