Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er ei lovpålagt teneste og er til for deg som elev.

Målet med denne tenesta er å:

  • Fremme psykisk og fysisk helse
  • Fremme gode sosiale og miljømessige tilhøve
  • Førebygge sjukdom og skade

Helsesøster Toril Olvik er på skulen kvar dag, du kan ta kontakt på 

Tlf. 971 95 971, e-post toril.olvik@oppland.org eller koma innom.

Trefftid måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 9 til 14 og torsdag kl. 10.30 til 12.30. Ingen timebestilling.

  • Tenesta er gratis
  • Helsesøster har tausheitsplikt
  • Tida du er hjå helsesøster skal ikkje førast som fråvere

Hjå helsesøster kan du ta opp spørsmål om fysisk og psykisk helse. Spørsmål om seksualitet, trivsel heime og på skulen, vanskar i skulekvardagen. Du kan også kome med akutt skade eller sjukdom.

Eksempel på kva ungdomar kan kome for:

Å tilpasse seg ny skule, og få nye venner, konsentrasjonsvanskar, søvnvanskar, angst, uro, depresjon, mobbing, vald, seksuelle overgrep, skilsmisse, sjukdom, dødsfall, sorg, mat og kropp, rus, tobakk, stress, krav, forventningspress, forelsking, seksuell identitet, prevensjon, seksuelt overførbare infeksjonar, omskjæring, tvangsgifte

Hjå helsesøster kan du få tilbud om:

  • Samtaler, aleine, to eller gruppe
  • Nettverkssamtaler, med føresette eller andre
  • Henvisning til lege, psykisk helseteneste, barnevern, fysioterapeut mfl.
  • Prevensjonsrettleiing
  • Treningskontakt
  • Resept på p-piller, p-plaster, p-sprøyte med meir
  • Kondomar
  • Klamydiatest
  • Graviditetstest
  • Rustest (etter henvisning frå fastlege)
  • Blodprøver(etter henvisning frå fastlege)
  • Vaksiner

Helsesøster er ein del av det heilheitlege oppfølgingsteamet på skulen (HOT)

VELKOMEN INNOM FOR EIN PRAT!

Aktuelle linkar:

www.ung.no

www.klaraklok.no

www.helsedirektoratet.no/psykisk helse

www.antirasistisk-senter.no

www.dixi.no   

www.sentermotincest.no

www.mentalhelse.no

www.nettros.no

Valdres vidaregåande skule, Yrkesskulevegen 2, 2920 Leira Telefon 61 35 66 00 Telefaks 61 35 66 01