Korleis foreldresamarbeidet er organisert, går fram av Årsplan for dialog, individuell oppfølging og vurdering ved Valdres vidaregåande skule.
Foreldreutval
I tillegg til den forskriftsfesta kontakten med foreldra, har Valdres vidaregåande skule oppretta eit foreldreutval, som er eit samarbeidsorgan mellom foreldrerepresentantar for kvar klasse og skuleleiiinga. Utvalet har 2 til 3 møte kvart skuleår, der ein drøftar tema foreldra er opptekne av. På eitt av møta er temaet russefeiring og ungdomskultur. Det blir også arrangert eit temamøte på kveldstid som er ope for alle elevar og føresette.