Eit godt skulemiljø for alle
Kjenneteikn:
- Alle respekterer kvarandre
- Alle kjenner seg trygge
- Alle opplever verdigheit
- Alle forstår kvarandre
- Framsnakking
- Ingen sjikanerer kvarandre (nulltoleranse)
Kapittel 9a i opplæringslova om skulemiljøet til elevane slår fast at ”alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.”
Det psykososiale miljøet på skulen handlar om korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre på skulen. Det let seg ikkje gjera å lage detaljerte reglar og forventningar til all åtferd, men alle elevar har ein individuell rett til å ikkje bli sjikanerte gjennom krenkjande ord og handlingar, som mobbing, vald, rasisme, diskriminering og utestenging.
Skulemiljøet på Valdres vidaregåande skule skal vera prega av kunnskap og læring, trivsel og toleranse, tryggleik og gjensidig respekt. Alle elevar og tilsette skal oppleve at dei er inkluderte i det sosiale miljøet på skulen.