Skulereglementet

FORSKRIFT OM FELLES ORDENSREGLEMENT FOR FYLKESKOMMUNALE

VIDAREGÅANDE SKULAR I OPPLAND

 

Forskrift fastsett med heimel i opplæringslova § 3-7 og § 3-8. Ordensreglementet gjeld

frå og med skuleåret 2009/2010 etter vedtak i Fylkestinget 18. juni 2009.

 

Kap.1 Formål og verkeområde

 

1.1 Formål

Formålet med ordensreglementet er å bidra til eit godt samarbeid, trivsel, respekt for kvarandre og medansvar. Reglementet skal fremme god orden og gode arbeidsvanar slik at læringsmiljøet blir best mogleg. Reglementet er retningsgivande for vurdering av karakterane i orden og åtferd. Reglementet er også eit viktig pedagogisk hjelpemiddel i arbeidet med å realisere skulen sine og Oppland fylkeskommune sine heilskaplege mål slik dei er nedfelt i opplæringslova og læreplanar.

 

1.2 Verkeområde

Ordensreglementet gjeld alle vidaregåande skular i Oppland. Ordensreglementet er ei utdjuping av rettar og plikter som er fastsett i lov eller på annen måte (sjå opplæringslova og forskrift til opplæringslova). Reglementet gjeld for all verksemd i skulens regi, uavhengig av stad og tid.

 

Kap. 2 Elevane sine rettar og plikter

 

2.1 Elevane sine rettar

Elevane har rett til:

·        Vidaregåande opplæring i samsvar med opplæringslova med forskrifter, gjeldande læreplanar og fylkeskommunale vedtak.

·        Ein trygg skulekvardag som er prega av eit godt opplæringsmiljø med oppfølging og rettleiing undervegs (kap. 9a fri for fysisk vold, mobbing).

        Å bli behandla med respekt og omtanke.

·        Å få dokumentert merknader og få innsyn i desse. Det skal leggjast til rette for elevmedverknad i utarbeiding av reglar for merknader.

        Elevmedverknad i læringsarbeidet.

        Å delta i elevdemokratiske aktivitetar.

 


2.2 Elevane sine plikter

2.2.1 Orden

        Eleven pliktar å møte til avtalt tid. Eleven skal snarast mogleg melde frå til skulen dersom ho/han er forhindra av sjukdom eller andre grunnar.

        Eleven skal utføre pålagt skulearbeid til avtalt tid.

        Alle elevar har ansvar for å halde det reint og ryddig på skulen, i nærområdet og på stader der opplæringsaktivitet går føre seg.

        Eleven pliktar å skaffe seg, og ha med til undervisning, det materiell og utstyr som undervisninga krev.

        Eleven pliktar å behandle skulen sine lokale, bøker og utstyr på ein forsvarleg måte.

        Eleven pliktar å bruke påbode verneutstyr og elles overhalde gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit (HMS).

        Eleven skal gi beskjed til kontoret på skulen dersom lærer ikkje kjem til undervisningsøkta.

 

2.2.2 Åtferd

        Elevane skal opptre omsynsfullt og høfleg.

        Elevane skal halde arbeidsro i timane og vise respekt for andre både i undervisningssituasjonar og i pausar.

        Grov språkbruk, hærverk og krenkjande åtferd (mobbing, diskriminering, rasistiske utsegn, seksuell trakassering, vold o.l.), fysisk, verbalt eller digitalt, blir ikkje akseptert.

        Det er ikkje tillate å røyke, bruke snus eller narkotiske stoff/andre rusmidlar i skulen sine bygningar, på skulen sitt uteområde eller i lokale skulen leiger. Det er heller ikkje tillate å vere påverka av - eller oppbevare rusmidlar i skulen sine bygningar, på skulen sitt område eller i lokale skulen leiger.

        Mobiltelefon, musikkavspelingsutstyr og anna elektronisk underhaldningsutstyr skal normalt ikkje vere i bruk i samband med undervisning og prøver.

        Elevens bruk av IKT i undervisninga skal skje etter lærar sine tilvisingar (jfr. felles IKT-reglement).

        Det er ikkje tillate å ha med seg farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område.

        Fusk eller forsøk på fusk på prøver blir ikkje akseptert. Det blir definert som fusk/forsøk på fusk dersom det på prøver ikkje gis opplysningar om kjelder (trykte, utrykte, munnlege, skriftlege og digitale) eller det blir brukt hjelpemidlar (hjelparar) som ikkje er tillate.

 


Kap.3 Reaksjonar

 

3.1 Brot på ordensreglementet

Brot på ordensreglementet kan resultere i reaksjonar mot eleven i form av refsingstiltak eller særskilte tiltak, jfr. opplæringslova § 3-8. Dersom handlinga blir vurdert som eit alvorleg brot på ordensreglementet, eller dersom påtalte negative forhold ikkje betrar seg etter refsingstiltak, kan særskilte tiltak setjast i verk. Tiltaka skal nedteiknast jfr. pkt. 3.2 og 3.3.

 

Føresette til elevar som ikkje er myndige, skal informerast. Brot på skulens reglement fører til merknader, sjå også prikkpunkt fire om elevane sine rettar.

3.2 Refsingstiltak:

-         Påtale frå ein av dei tilsette ved skulen.

-         Utelukking frå ei klasse eller gruppe for resten av timen/arbeidsøkta etter faglærar si avgjerd.

 

3.3 Særskilte tiltak:

-         Utelukking for resten av skuledagen etter rektor si avgjerd.

-         Bortvising av eleven frå og med ein heil skuledag og inntil 5 skuledagar etter rektor si avgjerd.

-         Bortvising for resten av skuleåret etter opplæringslova § 3-8 etter vedtak av fylkesopplæringssjefen.

Dersom eit vedtak om bortvising for resten av skuleåret inneber at eleven samtidig mistar retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1, skal vedtaket om tap av rettar fattast av fylkesopplæringssjefen. Tap av elevrettar medfører ikkje at eleven fell utanfor ansvarsområdet til oppfølgingstenesta (OT).

 

3.4 Erstatningsansvar

Eit eventuelt erstatningsansvar i samband med skader på skulens eller andres eigendelar, følgjer av vanlege erstatningsrettslige reglar, det vil seie ansvarsgrunnlag, årsakssamanheng og skadelidnes økonomiske tap.

 

3.5 Politimelding

Ved brot på reglementet som kan vurderast som lovbrot, skal melding til politiet vurderast. Dersom regelbrotet går ut over enkeltpersonar, er det den fornærma som må melde saka til politiet.

 


Kap. 4 Saksbehandling

 

4.1 Eleven skal hørast

Før refsingstiltak eller særskilte tiltak blir vedteke , skal eleven ha moglegheit til å forklare

seg – jfr. Opplæringslova § 3-7.

 

4.2. Saksbehandling ved særskilte tiltak

Ved særskilte tiltak skal både elev og lærar, helst samtidig, bli hørt av rektor, jfr. opplæringslova § 3-8. Før særskilte tiltak blir teke i bruk skal skulen først vurdere behov og moglegheit for alternative tiltak, for eksempel hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt, og rådgivar eller sosialpedagogisk personale skal ha hatt høve til å uttale seg – jfr. opplæringslova § 3-8. Særskilte tiltak reknast som enkeltvedtak etter forvaltningslova, og eleven har dermed rett til dokumentinnsyn, partsuttale og klage på vedtaket i samsvar med bestemmingane i kapittel IV-VI i forvaltningslova. Eleven har rett til nærare rettleiing om partsrettar og framgangsmåte ved klage.

 

4.3 Klageinstans

Klageinstans for vedtak om tap av rett til vidaregåande opplæring er Fylkesmannen i Oppland. For øvrige vedtak er fylkeskommunens klagenemnd klageinstans.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken