Skulen vår

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule består av dei tre skulestadene Hjerleid, Lom og Otta. Totalt har skulen ca. 620 elevar, og 150 tilsette. Skulen tilbyr 9 ulike utdanningsprogram

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er skulen i "Nasjonalparkriket". Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdal består av 6 nasjonalparkar: Breheimen, Dovre, Dovrefjell-Sunndalsfjella, Jotunheimen, Reinheimen og Rondane. I tillegg kjem 40 verneområde og naturfredningsområde. Ingen annan region i Noreg har så mange nasjonalparkar og verneområde. 

Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdal består av 6 kommunar: Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre, Lesja. Utvikling av av Nasjonalparkriket  er eit svært viktig satsingsområde for Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal. Les meir om Nasjonalparkriket

 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule:

 

 

avd. Lom

  avd. Hjerleid                                avd. Lom                             avd. Otta

Skulen vår er ikkje heilt som andre skular når det gjeld lokalisering og organisering. Vi har ein felles skule med 3 skulestader, og det er ikkje planar om samlokalisering. Samanslåinga  vart gjort i vedtak på fylkestinget i Oppland i 2004 med mål om  å oppretthalde ein desentral skulestruktur og vidareutvikle livskraftige skulestader i Norddalen. For heile regionen har skulen ei sentral rolle når det gjeld å utvikle næringslivet og skape liv i bygdene våre. Breie utdanningstilbod som ivaretek behova til den enkelte og næringslivet er særleg viktig i denne samanheng og ikkje minst god kvalitet på læringsmiljøet i klasserom og verkstader. Skulen er sterkt engasjert i den regionale satsinga på Nasjonalparkriket.

Skulen har felles leiing med ansvar for samla økonomi, personal og pedagogikk. På kvar skulestad er det avdelingsleiar og mellomleiarar med lokalt ansvar

Helsing frå rektor

Solveig Rindhølen, rektor

Som elev ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er du deltakar i eit stort og mangfaldig skulesamfunn med over 600 elevar på 3 skulestadar; Hjerleid, Lom og Otta. Det er ikkje sikkert du vil merke så mykje av dette i ditt daglege elevliv, men vi legg vekt på å byggje fellesskap og utvikle både fagleg og sosial kontakt mellom skulestadane og elevane der. Dette er til dømes felles fagdagar innan enkeltfag, HMS-dagar på yrkesfag og Nasjonalparkrikedagar.

Vi ønskjer at du som elev skal oppleve både mestring og få utfordringar på ditt nivå. Varierte læringsformer og god dialog mellom deg som elev og læraren bidreg til dette. Læring er avhengig av god tilrettelegging og tydelege krav frå læraren, men i like stor grad av eigeninnsats og oppfølging av plikter frå deg som elev. Det er og slik at vi ikkje berre brukar skulen som arena for undervisning og læring. Ekskursjonar, utplassering i bedrifter og elevutveksling med andre land i  Europa er og viktige i så måte.

Vi ønskjer deg velkomen som elev ved skulen vår, og til å vera med på å skape eit godt skulemiljø der vi har nulltoleranse for mobbing og ekskludering, men fulltoleranse for fellesskap og inkludering.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken