Studiespesialisering
Du som vel studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag. Viss du vel programområde for formgjevingsfag, bør du i tillegg ha estetisk sans og kreative evner.
Første året kan du velje å starte med berre fellesfag. Andre året vel du fordjuping innan eitt av programområda formgjevingsfag, realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi.
Du kan òg velje å starte med fordjuping i formgjevingsfag allereie frå første året.
Avhengig av tilbodet ved skolen kan du òg velje programfag frå andre studieførebuande utdanningsprogram og programfag frå andre programområde i eige utdanningsprogram.
Utdanningsprogrammet gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskolar og universitet. Alt etter kva programområde og programfag du vel, kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva for fagkombinasjonar som krevst før du vel programområde og -fag.