Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i mellom anna hotell- og restaurantnæringa og næringsmiddelindustrien, men òg til arbeid i bedrifter som produserer kjøtt-, fiske-, drikke-, bake- og matvarer. Kunnskapar om eigne og andre sine kulturar og mattradisjonar og om næringsmiddel, kosthald og helsefremjande livsstil er viktig.