Idrettsfag

Vel du dette programområdet, bør du vere glad i og ha anlegg for idrett – her er det trening kvar einaste dag i skoletida. I tillegg bør du kunne meistre krevjande teoretiske fag.

Utdanningsprogrammet har som føremål å gi elevar med interesse for idrett ei allsidig idrettsutdanning og å gi talentfulle idrettsutøvarar høve til å kombinere utdanning med toppidrett. Det gir grunnlag for å ta på seg trenarjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, spesielt innanfor barneidrett. Utdanningsprogram for idrettsfag fører fram til generell studiekompetanse, men kan òg gi deg spesiell studiekompetanse dersom du vel programfag som matematikk og/eller andre realfag. Generell studiekompetanse gir deg grunnlag for å søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet, til dømes ved Idrettshøgskolen.

 

Her finner du:

Brosjyre om Idrettsfag

Struktur og timefordeling

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken