Volleyballkamp med tilbehør
Rock, volleyball og karnevall var tema 21. desember da den vidaregåande skulen i Lom arrangerte volleyballkamp i Vågåhallen
Arrangementet vart opna av rockegruppe frå 1. klassa i Lom. Dei leverte ein imponerande konsert, og fekk verkeleg opp stemninga.
Utkledd
Så starta volleyballkampane. Nesten alle elevane og lærarane var med på ulike lag.
Det var vald ein artig vri på arrangementet, da alle deltakarane hadde kledd seg ut. Vi kan nevne nisselaget, misselaget (nei, det er ikkje det same laget som blir nemnt to gonger) og skiløparlaget.
TORO
Lærarane stilte, som nemnt, med eige lag, denne gongen kledd i forskjellige russiske huver. Om lærarane vil fortsette denne tradisjonen også i klasserommet, står att å sjå. Den mest iaugefallende endringa var det gymlæraren som sto for, det er ikkje ofte vi ser han med langt ljost hår. Hans val av sokkar vitnar om god smak, og sto i stil med hans nye stemmeleie.
Servering
At rådgjevaren også kunne gje råd inna matservering, var nok ukjent for dei fleste, og sikkert også at geografikunnskap på ein fortreffeleg måte kan kombinerast med matservering. Dei serverte pepperkaker og gløgg til oss alle, og alle vart imponerte over både serveringa, menyen og valg av uniform. Det smakte i hvert fall fortreffeleg.
Boss
Når det gjelder Jehans, så vart hans autoritet ytterlegere forsterka ved hans val av hovudplagg. Hans besøk i Russland har tydelegvis sett sine spor, for kledd i den russiske politilua forandra han sin personligheit i ei vesentlig meir autoritær retning. Om dette kunne vera årsaken til at lærarane vann volleyballturneringa kan vi berre spekulere i.
Bilete: Liv Mona Wentzel