Vellykka LAN i Heidalshallen

Helga 29. - 31. januar arrangerte elevane på IKT-servicefag LAN-party i Heidalshallen. Over 70 ungdommar i alderen 14-19 år deltok, og spelte dataspel i to heile dagar til ende..... 

Heidalshallen
På eit LAN samles ungdom for å spele dataspel, gjerne mot kvarandre. Spelinga foregår "døgnet rundt", avbrote av ein matbit og litt søvn.

Heidal LA

Tidlegare har lanet vore arrangert i skulen si kantine, men p.g.a ombygginging valde ein i år å legge arrangementet til Heidalshallen. Dette viste seg å vere eit lykkeleg val, og Heidalshallen egna seg svært godt. Den har store og romslege rom, ny fiber, bra sanitæranselgg og moglegheit for sovesal.

Heidal sov

Og LITT søvn i løpet av to døgn, må ein berre ha.....

 

Heidal takk

Da det ikkje var mogleg å arrangere lanet i eigen kantine, tok skulen kontakt med systemkonsulent i Sel kommune Terje Alnes. Han foreslo Heidalshallen, da det var planar om å installere fiberkabel her hausten 2009. Etter lanet takka elevane Alnes for svært god hjelp og tilrettelegging, og skulen vil i framtida vurdere å arrangere lanet annakvart år i Heidalshallen.

IKT-elevane hadde gjennom ungdomsbedrifta Datahjelpen UB ansvar for å planlegging, marknadsføring og all teknisk gjennomføring av lanet. Dette dekker mange av kompetansemåla i faga Prosjekt til fordjuping og Drift og vedlikehald.

 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken