Fokus på villrein og gruvedrift

Imbjør og Frida i gruvetog

Tradisjonen tru var VG1-elevane ved Hjerleid på geografi-tur til Grimsdalen og Folldal for å lære om gamal fangstkultur, geologi og gruvedrift før i tida.

Grimsdalen

Som vanleg var Espen Rusten frå Villreinsenteret på Hjerkinn med oss på turen og forklarte kvifor dovre-naturen ser ut som den gjer. Det store fangstanlegget for villrein ved Einsethøe i Grimsdalen var første stopp, der vi også lærte om buplassen like ved.

Folldal gruver

Neste stopp var Folldal Gruver der turen med gruvetoget langt inn i fjellet truleg var høgdepunktet denne dagen. Forutan forelesing om Rondane sin geologi fekk vi også ein grundig orientering om Folldal si gruvehistorie.

Heimturen gjekk som vanleg langs E6 over Dovrefjell.

 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken