Utdanningsmesse i Ottahallen
Yrkes- og utdanningsmessa for 10. klassingane med foreldre i Nord-dalen vart arrangert tirsdag 27. oktober. Over 250 personar var innom for å lære meir om vidaregåande skule.
Ottahallen hadde besøk av alle 10.klassingane i Nord-Gudbrandsdalen da yrkes-og utdanningsmessa vart arrangert.
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule saman med Vinstra Vidaregåande skule var representert slik at elevane og foreldra kunne sjå kva dei tolv utdanningsprogramma i vidaregåande skule er for noko.

Mange elevar og føresete var flinke til å stille spørsmål om tilbodet i vidaregåande skule. Elevane svare på spørsmål og fekk sjå spanande demonstrasjonar og utstyr.

Yrke-og utdanningsmessa er ein del av faget utdanningsvalg i ungdomsskulen. Utdanningsmessa i Midt-gudbrandsdalen blir arrangert den 12. november i Vinstrahallen.

