Utdanningsmesse for heile Nord-Gudbrandsdalen
Rådgjevarane på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule arrangerte onsdag 11. januar utdanningsmesse for alle 3.-klassingane på skulen.
Målet med messa var å gje elevande eit innblikk i kva høgskular og universitet er for noko. Og elevane frå Hjerleid, Lom og Otta fekk denne dagen ein forsmak på kva som ventar dei, når dei 3. februar skal på nasjonal studiemesse i Trondheim Spektrum.

Fyrste del av dagen gjekk med til fellesorienteringar om t.d Statens Lånekasse og nettstaden utdanning.no. Ulike høgskular var inviterte til å marknadsføre seg sjølve, som t.d Norges Handelshøyskole, og høgskulane i Hedmark, Lillehammer og Gjøvik.
Etter matpause var det parallelle sesjonar, der ulike universitet, høgskular og folkehøgskular heldt foredrag om sine studietilbod. Her var også presentasjonar av Universitetet i Oslo, Universitetet for Miljø- og biovitenskap, NTNU, Kulturstudiar, Politiet og Forsvaret.
Alle elevar var innom og høyrde på minimum fire utdanningsinstitusjonar.
Elevane har no tre månader på å bestemme for kva for skular dei vil søkje på. Ordinær søknadsfrist for høgskular og universitet er 15. april.
For meir informasjon: www.utdanning.no