Brannvesenet synte korleis dei reddar fastklemte trafikkoffer ut av eit bilvrak.

Trafikksikringsdag

Russen lærte om trafikksikring Russen frå avdelingane på Hjerleid og Otta var samla på Hjerleid for å lære om trygg trafikk på onsdag. På seks ulike stasjonar fekk dei informasjon og demonstrasjonar som verkeleg gav stoff til ettertanke for ferske sjåførar.
Mest kjensleladd var møtet med to ei mor og ein far som begge har opplevd i å miste ein tenåring i trafikken. Sjølv om fleire år var gått, kunne ein høyre klumpen i halsen - og det smitta på tilhøyrarane. Ein skjønte at det er langt fleire offer i trafikken enn den som sit i bilen. Nan Inger frå Politiets rusførebyggjande kontor snakka klokt og utfordrande om rus. Ho forklarte mellom anna korfor dei som tilsynelatande toler alkoholen godt, er dei som lettast set seg bak rattet i påverka tilstand - og er livsfarlege. Folk frå Raudekrossen gav innføring i korleis ein opptrer på ein ulykkesstad, og i livreddande førstehjelp. Elevane fekk òg prøve å tippe rundt i kontollerte former i ein såkalla "Veltepetter". Mest spektakulært var vel likevel demonstrasjonen av korleis brannfolka skjerer dei skadde ut av eit bilvrak. Etter ein dag med prat om blod, kvelning, spy, lause innvollar og knuste bein skulle ein tru at russen er motivert for å vera forsiktige i trafikken. Men den delen av hjernen som kan vurdere konskevensane av det ein gjer, er ikkje ferdig utvikla før 25 årsalderen hos gutane, vart det sagt. Da får jentene seie frå, som har vitet.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken