Tid for TUR! på idrettsfag
Elevane i 1ID (idrettsfag) har akkurat vore på friluftstur i Rondane, medan 3ID har vore på snøhole- og lavvotur. Måndag 22. mars reiser 2ID på eit firedagars ski- og alpinopphald på Oppdal. Det er m.a.o tid for TUR! på idrettsfag.
Siste veke reiste 22 elevar på vg1 idrettfag på ekskursjon i Rondane. Turen inngår i faget Aktivitetslære, som m.a skal gje elevane friluftserfaring i vinterfjellet.
Fyrste dagen gjekk elevane på ski inn til DNT-hytta Rondvassbu. Her venta eit utsøkt måltid, og innføring i DNT-, Rondvassbu- og Rondane Nasjonalpark si historie, ved ein av vertane Marius Haugaløkken.

Rondvassbu. Sjå: http://turistforeningen.no/rondvassbu/
Dagen etter gjekk turen til Veslesmeden, 2.015 m.o.h.

Justering av utstyr på tur opp til Veslesmeden. P.g.a tåke og vind måtte elevane snu på 1871 m.o.h.

Veslesmeden. Sjå: http://ut.no/tur/topptur-til-veslesmeden-(2015moh.)
Elevane fekk på turen også prøve seg på orientering i høgfjellet, og lærte alt i alt mykje om korleis ein må tilpasse seg vær og føre i vinterfjellet. Her er elevane klare for tilbaketuren frå Rondvassbu til Mysusæter: