Snøstorm og skileik

Skileik i Lom

Fredag 13.januar var det stafett for alle 1.klassingane på studiespesialisering ved den vidaregåande skulen i Lom.

Arrangementet gjekk etter mat, og var ei fin avslutning på ei hektisk veke.

Været kunne vore betre. Det både bles og sjoga skikkeleg.
Men dette la ikkje nokon dempar korkje på humøret eller på innsatsen.

Dei omkring 150 deltakarane såg ut til å kose seg på Andvordsjordet.

I tillegg til elevane ved vidaregåande, kom det mange frå barneskulen i Lom.

Altså eit vellykka arrangement, trass i at det var fredag den 13.

Sjå bilete

Sjå bilete her

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken