Skulevalg 2009, avdeling Otta
Tysdag 8. september var det skulevalg på Nord-Gudbrandsdal vgs, avd. Otta. 275 elevar avga stemme i valget, og 43,3% a v desse gjekk til Arbeiderpartiet. Fremskrittspartiet fekk 16,7% av stemmene, Senterpartiet 14,7%, Sosialistisk venstreparti 7,3% og Venstre 3,7%, Høyre 2,9%, Kristelig folkeparti 2,4% og Rødt 2,0%.

Det var elevar frå klassene 2STS og 3STS med faget "Politikk og menneskerettigheter" som stod som arrangør av valget, saman med faglærar Trond Basso.
Ann Kristin Rindhølen, Ann Kristin Gudbrandstuen og Camilla Flåten passa på at elevane stod i "mantalet" og dermed hadde røysterett.

Anna Kvarberg Ekre og Sonja Hole viste elevane korleis dei skulle brette saman stemmesedlane i "valgavlukket".

Her legg Sonja Hole stemmeseddelen sin i valgurna.
Klokka to om ettermiddagen var valgresultatet klart: Ap: 43,3%, FrP: 16,7%, Sp: 14,7%, SV: 7,3%, V: 3,7%, H: 2,9%, Pensjonistpartiet: 2,9%, KrF: 2,4%, Rødt: 2,0%, Kystpartiet: 1,6%, Kristent samlingsparti: 1,2%, Miljøpartiet De Grønne: 1,2%.