Skulestart på avd. Hjerleid
Måndag kunne fungerande dagleg leiar ved Hjerleid, Kristin Undseth, ynskje velkommen til nytt skuleår. Ho minna elevane på kor viktig det er å ha respekt for kvarandre, og at det er nulltoleranse for mobbing på skulen. Ofra frå tragedien på Utøya og i regjeringskvartalet vart minna med eitt minutts stillheit.
I lunch-pausa var det grilling av pølser. For at elevane skulle bli litt bedre kjent både med kvarandre og med skuleområdet, var det konkurranse med ulike postar. Her er nokre bilete som syner kva for oppgåver dei fekk å bryne seg på:

Fyrste post: Basketball i gymsalen

Bygging av korthus byr på utfordringar.

Posten som vekte mest latter, knall og fall, var "treski"-gåing. Her var det snakk om samarbeid på høgt plan!

På denne posten kunne elevane vise kor godt eller dårleg kjent dei er på skuleområdet.

Alle ventar spent på kven som blir vinnarane...

Og her er nokre av dei heldige som vann verdikupong i kantina.