Skulestart på avd. Otta – i både nye og lånte lokale
P.g.a ombygging har elevane på avdeling Otta dette skuleåret undervisning i fleire lokalar utanfor skulen.

I lokala til Fjord1 i Øya, finn vi m.a klasserommet til vg2 IKT-servicefag. Da nestleiar Terje Bekken var innom måndag, presenterte elevane kva for kompetanse dei kan ta med seg inn i ungdomsbedrifta dei skal drive dette skuleåret.

I siderommet satt dei 9 elevane på vg2 Transport og logistikk. Dei arbeidde med ein kunnskapstest som faglærar Morten Plassen hadde gjeve dei innan temaet Samferdsel.

Helse- og sosial har dette skuleåret klasserom på ungdomsshuset Solvang i Otta sentrum.

1HSb sitt i ”storsalen” og arbeidde med skjelettet da heimesida var innom nyleg.

Fleire klasser har undervisning i brakkeriggen bak skulen dette skuleåret.

Både lærarar og elevar har funne ut at sykkel kan vere eit praktisk framkomstmiddel mellom dei skulen og kantina, som dette året er i kulturhuset.

B-blokka på skulen vart ferdigstilt til skulestart, og her har m.a Vg2 Produksjons- og industriteknikk har fått nytt teorirom.

Vg1 Teknikk og industriell produksjon har også fått nytt teori.- og laborasjonsrom, her sett frå verkstaden.
Vg2 Frisør har fått ny, flott frisørsalong i 1. etasje

I naborommet har vg1 Design og handverk nytt teorirom. Her med lærar i engelsk, Torunn Neverdal.