Siste finpuss før truckeksamen

Som ein del av opplæringa skal elevane på vg2 Transport og logistikk ta truckførarbeviset. Fredag 6. november dreiv elevane med siste finpuss, før den praktiske delen av eksamen i neste veke. Opplæringa foregår i år i realistiske omgivelser utanfor lokala til Fjord1, Tollpost og Schenker i Øya på Otta.

Morten truckFaglærar Morten Plassen instruerer eleven Markus Lystad Larsen.

Presisjon truckTruck er presisjonskøyring, og her øvar elevane på å sette tomme europallar riktig inn på ein hengar.

tru

Slik er sikta inne i ein truck

3 truckerStolte elevar på rekke og rad

Fjord 1Vg2 Transport og logistikk har i år klasserom i lokala til Fjord 1. Ved sidan av ligg terminalane til Schenker og Tollpost, alle gode partnarar i næringslivet som skulen har hatt godt samarbeid med i mange år.

Vidar LienVidar Lien på terminalen til Schenker har f.eks lært opp elevane i lager/terminalarbeid og scanning av varer inn og ut av terminal. Han har også formidla mange lærlingeplassar gjennom åra, noko skulen er svært takksam for.    

 

 

 

 

 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken