Raske i skisporet

Gaute og Andreas Hovde Bø, elevar ved den vidaregåande skulen i Lom, er to raske gutar i skisporet. 

I helga var dei i Granåsen og gjekk Norges-cup-renn.  Målet for sesongen er NM i Holmenkollen i mars.  Der håper dei å gjera det bra.

Dei byrja å trene systematisk i 13-års alderen.  Det er viktig å trene seg opp over tid.  Det starta med ljosløyperenn lokalt.  Her var dei fleire som konkurrerte mot kvarandre.  Dette syntest dei var artig.  Så vart det nye utfordringar:  GD-cup -  og som juniorar Norges-cup renn.

Gaute likar best klassisk, mens skøyting er favoritten til Andreas.

Det er høgt nivå.  Vil ein satse, må ein proritere det framfor andre ting.  Det har hjelpt å ha toppidrett i Lom og få trene i skuletida. 

Dei får båe tid til å gjera leksearbeidet.

Pappa er med som altmoglegmann:  Smør ski, er sjåfør, sekunderar i løypa, held økonomi og elles alt som må gjerast..  Men nistepakka påstår dei at dei smør sjølve.

Neste år kan det bli årsstudium i idrett, kanskje på Lillehammer.  Skulen ønskjer dei lykke til, både med renna i vinter og vidare studiar.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken