Praksisopphald i Spania

For tredje år på rad har fem elevar frå vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag reist til Spania på praksisopphald. Elevane skal i 14 dagar arbeide i to barnahagar i byen Albir i Spania.

Utvekslinga er finansiert gjennom EU-programmet Leonardo da Vinci. Målet med praksisopphaldet er å gje elevane internasjonal arbeidserfaring, noko som m.a  inneber arbeidsspråk på engelsk.

Faglærarane Anne Berit Brun og Kirsti Myrhaug melder om at elevane er godt i gang med arbeidet og at dagane derfor går fort! Dei kjem attende med reisebrev frå elevane noko seinare i opphaldet.

 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken