Offisiell opning av Otta kulturhus og N-G vgs, avd. Otta
Laurdag 20. november vil 120 inviterte gjestar delta i den offisielle opninga av Otta kulturhus og Nord-Gudbrandsdal vgs, avd. Otta. Alle inviterte vil få omvisning og m.a sjå kor fin "nyskulen" på Otta har vorte.
Hovedmålet med ombygginga av skulen har vore å tilpasse eksisterande bygning for framtidsretta pedagogikk og fleksible organiseringsformer. Vidare å forbetre dei fysiske forholda og inneklimaet og derigjennom framstå med ein markert miljøprofil.
Her nokre utvalde bilde frå det gjestane laurdag vil få sjå i den ombygde skulen:
Kantina er stor og luftig med flott utsikt til fjell og elv. Dette er storstua der alle elevar kan møtast og ha eit tilbod om sunn mat i triveleg miljø
Skulen har stort bibliotek på to plan med varierte arbeidsplassar for elevar, store og små grupper og individuelt.
Elevane er organiserte i basar etter utdanningsprogram som er markert med fargekode. Lærarane har sine arbeidsplassar nær klasseroma til elevane dei underviser mest
På Teknikk- og industriell produksjon går teori- og praksisundervisning hand i hand
På Restaurant og matfag er det eigen restaurant og demonstrasjonskjøken med amfi
Dei fleste klasserom har smartboard og videokonferanse foregår i fleire fag.
Gjennomstrømming av lys har vore eit viktig prinsipp for renoveringa av skulen
Rehabiliteringa av Nord-Gudbrandsdal vgs, avd. Otta og bygginga av Otta kulturhus har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Oppland fylkeskommune og Sel kommune. Det er derfor fylkesordførar Audun Tron og ordførar Dag Erik Pryhn som vil foreta den offisielle opninga laurdag, i samband med gallaforestillinga med underhaldningskreftar frå heile regionen.
Bakgrunn for samarbeidet rundt fellesanlegget og bygningsmessige prinsipp for rehabliteringa av skulen finn du i venstre marg, under Skulen vår/Avd.Otta/Rehabilitering Otta