Offisiell opning av "nyskulin" på N-G vgs, avd. Otta
Dette skal bli ein miljøskule for heile landet! - sa rektor Ole-Petter Hansen. Dette er den største kunnskapsbedrifta i regionen! - sa ordførar Dag Erik Pryhn. Denne skulen skal vi ta godt vare på! - sa elevrådsleiar Ole-Magnus B. Aamodt. Tysdag 17. august vart den nyrenoverte skulen på avd. Otta offisielt opna.

Det var ein stolt og glad rektor som tysdag kunne ønskje omlag 370 elevar og 90 tilsette tillykke med det nye skulebygget på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avd. Otta. "Dette er ein miljøskule som heile landet vil legge merke til", sa han mellom anna i velkomsttala si. Han sa vidare at det nye bygget vil gje elevane heilt nye moglegheiter til å oppleve god læring.
"Benytt denne gode moglegheita til å få dykk vidaregåande skulegang og seinare utdanning" sa ordførar i Sel, Dag Erik Pryhn til elevane. Han gratulerte på vegne av Sel kommune, og ser fram til sambruk og samarbeid om det nye kulturhuset. Otta kulturhus skal stå ferdig til 20. november.

Elevrådsleiar Ole-Magnus B. Aamodt fekk så ordet, og han oppfordra medelevane sine til å ta vare på skulen. "Her skal vi ikkje ha noko hærverk eller anna tull", sa han. Han var også oppteken av å skape gode sosiale miljø og gode læringsmiljø på skulen.
Det var så klypping av raude snorer og skulen var offisielt opna! I B-blokka var det Nina Trettøy på vg2 Frisør som stod for klyppinga.
Rektor si gåve til elevane på opningsdagen var ein minikonsert med Trygve og Pål Svindland frå Heidal. Dei fylgde oppfordringa frå ordføraren om å gripe dei moglegheitene ein har, ved å framføre"Gabriellas song":
Det är nu som livet är mitt
Jag har fått en stund här på jorden
Och min längtan har fört mig hit
Det jag saknat och det jag fått

Ikkje minst lærarane likte denne songen svært godt....

Det vart ei triveleg opning av nyskulen, der mange vart takka for godt gjennomført arbeid. Ikkje minst gjeld dette vaktmester Bjørn Øihusom, som har stort ansvar for planlegging og gjennomføring av renoveringsarbeidet

Det såg ut som både lærarar og elevar allereie har funne seg godt tilrette i nyskulen. Her frå kantina under "opningssermonien".

Fleire bilder frå skulen vil bli lagt ut etterkvart. Likeeins vil vi invitere til opne dagar utover hausten, slik at alle som vil kan få kome og sjå kor fint vi har fått det!