Ny rekord på Operasjon Dagsverk

Margaret fra Uganda

Elevane ved avd. Otta arbeidde den 29. oktober inn heile 91.600 kr til årets Operasjon Dagsverk. Dette er ny rekord og ein auke på over 10.000  kr samanlikna med  tidlegare år. Pengane skal gå til utviklingshemma ungdom i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda.

Vetle

Aller gladast etter at pengane var talt opp, var leiar av årets OD-komitè Vetle Lien Rusten. "Eg er svært godt nøgd med resultatet og vil gjerne få takke alle deltakande elevar og OD-komitèen spesielt, for svært god innsats under årets aksjon."

ID 

Beste klasse under årets Operasjon Dagsverk vart 2. klasse på idrettsfag. Samtlege 32 elevar i klassa deltok, og dette ga eit bidrag på heile 9.300 kr!

Margareth

Kanskje vil noko av pengane gå til 20 år gamle Margaret i Uganda? Margaret er blind og student på universitetet. Den 22. oktober fortalte ho elevane om kva for utfordringar og seirar ho har opplevd som blind student i heimlandet. Foredraget hennar var startskuddet til årets aksjon og ho inspirerte svært mange elevar til å delta. På bildet ser vi Margaret i Auditoriet saman med den norske tolken sin.  

 

 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken