Næringsutvikling i Nasjonalparkriket

Eksempel på elevarbeid - forslag til logo for forretningsideen til Nasjonalparkriket

Elevane som dei siste vekene har arbeidd med Nasjonalparkriket som prosjekt, hadde den 13. oktober presentasjon av arbeidet sitt i Auditoriet på avd. Otta. Prosjektleiar Asbjørn Amble satt i salen og fekk overlevert mange nye, gode idear til korleis Nasjonalparkriket kan utnyttast til næringsformål.

Mange av elevane hadde vald å presentere arbeidet sitt i ein blogg. På bloggane ligg mykje informasjon om nasjonalparkane Rondane, Jotunheimen, Breheimen, Dovrefjell og Reinheimen, samt mykje om dei ulike tilboda ein kan finne knytt opp mot parkane. I tillegg finn ein her altså mange gode idear til næringsutvikling i Nasjonalparkriket.

Bloggadresser:

http://nasjonalparkriket09.blogg.no

http://nasjonalparkriket.wordpress.com

http://nasjonalparkriket.blogspot.com

http://norgenasjonalparkriket.blogg.no

http://nasjonalparkriket123.blogg.no

http://nasjparkriket.blogg.no

http://nasjonalparkriket.blogg.no

http://seh.blogg.no

Asbjørn Amble var svært imponert over elevane og sa at dei no nettopp hadde gjort det han ønskjte at alle skulle gjere. " Dykk har tenkt over: Kva har vi? Og kva kan vi gjere ut av desse ressursane". Amble takka vidare for innspela og ønskjer  at elevane sitt arbeid skal inngå i ei faktabase om Nasjonalparkriket på Wikipedia.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken