Lomselevar i Moskva

Elevar fra Lom, Nord-Gudbrandsdal vidaregående skule, i Moskva

Forventningsfulle elevar på Den Raude Plass. I programmet sto også besøk i det regionale parlamentet, Volkswagenfabrikken og Etnoverden. Under opphaldet møtte elevane ombodsmannen i Kaluga, vel omtrent det same som vår fylkesmann.

 

Her er besøket skildra av ombodsmannen, i omsetjinga frå russisk ved Olga Hagen.  Ho arbeidde hos ombodsmannen da ho fløtte til Norge.

Møte mellom Ombudsmannen i Kalugaregionen og studentar frå den  Vidaregåande skulen.

Jurij Sjelnikov fortalte om jobben sin som Ombudsmann i Kalugaregionen, og svarte på spørsmål frå studentane.

Delegasjonen av utanlandske studentar kom til Kalugaregionen for å lære området å kjenne, da dette er rekna for å være ein av dei økonomisk vellykka regionane i Russland. I programmet sto besøk i det regionale parlamentet, Volkswagenfabrikken og Etnoverden.

Jurij Sjelnikov møtte dei norske studentane den 6. april 2011, og fortalte om situasjonen for menneskerettar i Klaugaregionen, og svarte på spørsmål fra studentene. Dei unge nordmennene var interessert i å få veta meir om korrupsjon i Russland, samt korleis helse- og sosial-systemet i Russland fungerer.

Ein av studentane lurte på kvifor problem med bustad er eit at dei mest aktuelle problema når det gjeld menneskerettar. Studentane var også interessert i den demografiske situasjonen i Russland.

Dei norske gjestane opplyste også om at den demografiske situasjonen var eit aktuelt tema også i Norge. Ombudsmannen ville veta kor mange søsken studentane hadde. Dei fleste hadde 3-4 søsken, og ein hadde 5. Leiaren for skulen, avdelingsleiar Jehans Storvik , hadde 5 barn. Norge er uansett eit lite lite land med ei lita befolkning.

Tilslutt fortale Jehans Storvik om Oppland fylke, som delegasjonen kom frå.
Ombudsmannen var også veldig interessert i om folk i Norge betaler skatt, og korleis dette i så fall er organisert.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken