Kva skal eg bli??

Spørsmåla var mange for dei vel 400 personane som besøkte yrkesmessa på Nord-Gudbrandsdal vgs torsdag kveld. 

Otta kulturhus var fullt, da rektor Solveig Rindhølen kunne ønskje 10-klassingar og foreldre velkomne til yrkesmesse på Otta. Rundt om på skulen venta elevar og lærarar på 12 ulike utdanningsprogram, der dei besøkjande kunne finne informasjon og sjå kva elevane driv med i skulekvardagen. I tillegg var representantar frå opplæringskontor, bedrifter, kommuner og regonkontor tilstades på yrkesmessa.

 

Viktige spørsmål for ein 10-klassing er:

Kva vil eg arbeide med? Er det mat, data, ungar, eldre, bilar, dyr, eller hår? Vil eg køyre lastebil, sitte på kontor, arbeide med idrett eller reiseliv? Vil eg studere etterpå og kva for studiekompetanse treng eg da?

 

 

Kanskje fann dei svar på det dei lurte på på yrkesmessa, kanskje må dei tenkje vidare på dette vanskelege spørsmålet "Kva skal eg bli?"

Hjelp på vegen kan dei få i veke 45 og 46, da alle 10-klassingar i regionen kan hospitere ein skuledag på det utdanningsprogrammet og den skulestaden dei har lyst til å sjå nærare på.

Nord-Gudbrandsal vgs takkar for besøket i går og ønskjer velkome att på hospiteringsdagar!

 

   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken