Kulturstipend til Hanne Sanden Kolden

Hanne Sanden Kolden

Avdeling Lom gratulerer! 17 år gamle Hanne Sanden Kolden har i mange år gledd folk i Nord-Gudbrandsdalen med si særeigne, varme og klåre sangstemme.  Som takk for det, tildelte Lom kommune ho kulturstipend stort kr 10.000.

Hanne er elev i 2.klasse på studiespesialisering i Lom.  Ho seier sjølv ho har stor glede av musikken, og vil halde fram med det på hobbybasis. 

Skulen er glad for at ho vil halde fram med musikken.  Kanskje vil vi få høyre ho allereie på julkonserten for elevar på ungdomsskulen og vidaregåande 21.desember?

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken