Internasjonalisering reduserer fråfall
Erfaringar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregående skule viser at utvekslingsmuligheiter motiverer elevane og bidrar til auka innsats i skulekvardagen.
Nord-Gudbrandsdal vidaregående skule deltar i eit toårig Leonardo da Vinci-prosjekt som involverer elevar på fire ulike utdanningsprogram og samarbeidspartnarar i fire ulike land. Skulen har lang og god erfaring med å delta i europeiske utvekslingsprogram og gjer det for å heve kvaliteten på og attraktiviteten til yrkesfaglig opplæring. Det blir informert om muligheitene allereie om hausten første studieåret. Elevane får dermed tid til å førebu seg på prosjektet og utanlandsopphaldet. Dei veit at høgt fråvær og mange merknader fører til at dei ikkje får tilbod om å reise, så dei blir skjerpa. Utplassering i utlandet er derfor med på å førebygge fråfall på skulen.
Lene Sørbråten er internasjonaliseringskontakt ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande. Ho ser tydelige gevinstar ved internasjonalt samarbeid. -Utplassering utanlands gir så mange positive læringsaugeblikk. Det faglige utbyttet har hovudfokus, og det er faglig sterke institusjonar vi samarbeider med. Men det følgjer også stor meirverdi utover det reint faglige. Språklig, sosial og kulturell læring gir så mykje god mestringskjensle og sjølvtillit. Utplassering gir personlig vekst som kan bidra til at ungdommen strekkjer seg og vågar meir seinere i livet, trur Sørbråten. Gjennom utveksling får elevane dessutan språkkunnskapar og internasjonal kompetanse som det lokale næringslivet etterspør.
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande har løfta fram internasjonalisering som eit prioritert område i skulen sin handlingsplan. Sjølv blei Sørbråten tilsett i 2006. Ti prosent av stillinga hennar er øyremerka internasjonal aktivitet, noko som trulig er langt frå tilstrekkelig. Skulen har klart å bygge opp ein internasjonalt retta stab med god kompetanse på å sette internasjonalisering i system og knyte det til fagplanar. Det leggast vekt på å jobbe langsiktig med internasjonalisering.
Kilde: SIU-magasinet Europavegen /11, s. 20-21