Internasjonalisering: Flott økonomisk uttelling på skolens Leonardo-søknader for 2011-12 !
Leonardo-tildelinga for 2011 er klar, og også i år blei det god uttelling for Oppland. Internasjonalt servicekontor får fortsatt støtte til å organisere utveksling for lærlingar. I tillegg har tre skular fått støtte til sine mobilitetsprosjekt.
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har grunn til å vere spesielt nøgd med årets tildeling. Skulen har fått over 50 000 Euro til å sende elevar på praksis i Europa. Internasjonaliseringskontakt Lene Sørbråten er glad for at dei får sjansen til å sende endå fleire elevar på utveksling, og trur skulen si satsing på kvalitetssikra utvekslingsopplegg har blitt lagt merke til.
Også Mesna og Valle har fått innvilga sine søknader til Leonardo-programmet. Begge skulane har lang og god erfaring med å jobbe i samarbeid med europeiske partnarar.
Internasjonalt servicekontor har fått ein liten nedgang, men er fortsatt blant dei som får størst tildeling i Norge. Kontoret organiserer utveksling på 3 månader for lærlingar i Hedmark og Oppland. I tillegg sender dei faglige rettleiarar på oppfølgingsbesøk og språkkurs.
Leonardo da Vinci er EU sitt program for utveksling og samarbeid innan fag- og yrkesopplæring. Leonardo er ein del av EU sitt program for livslang læring (LLP).
Innvilga Leonardo-søknader i Oppland i 2011:
| Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule |
50 871 Euro |
| Mesna videregående skole |
15 128 Euro |
| Valle videregående skole |
17 098 Euro |
| Internasjonalt servicekontor (utveksling) |
128 080 Euro |
| Internasjonalt servicekontor (språkkurs) |
11 834 Euro |