Innflyttinga i "nyskulin" på Otta er i gang!

Alt som kan krype og gå av vaktmeistrar, reinhaldarar, IKT-medarbeidarar, bibliotekarar, kontorpersonale m. fl. er i full gang med innflyttinga i "nyskulen" til Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avd. Otta

Nedanfor ser De nokre bilder frå innflyttingsarbeidet. Om ikkje absolutt alt kjem på plass til skulestart, så vil vi få ein svært fin skule etterkvart! Velkome til alle elevar og alt personale!

Innflytting vaktmeistrar

Vaktmeistarane Dag og Odd køyrer skytteltrafikk med pultar og stolar mellom Mekonomen og skulen. Og gode, gamle minibussen frå Klones gjer nytta si.

Sommarhjelp innflytting

Sommarhjelp Tom Jansaen monterer og ber skrivebord

Reinhald innflytting

Reinhaldarane, her representert ved Gry, vaskar klasserom

Bibliotekar Gunvor prøver å få alle bøkene til bibklioteket på plass

Gunn 

Kontorpersonalet er på plass i nye kontor, her ved Gunn

Transport

Klasserommet til vg2 Transport og logistikk er ferdig møblert og ventar berre på dei 16 elevane sine

Naturbruk

Eitt av klasseromma til avdelinga Naturbruk er også klart...

HS

... medan "storklasserommet" til Helse- og sosial er under arbeid

 Martin

Systemansvarlege og IKT-lærlingar er godt innstallert på nytt kontor, og her klargjer 2.årslærling Martin nye elev PC-ar

 

 

 

 

 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken