Hospitering på avd. Hjerleid

37 elevar i 10.klasse frå Lesja, Dovre og Sel besøkte onsdag Nord-Gudbrandsdal vgs, avdeling Hjerleid, for å lære litt om korleis det er å gå på vidaregåande skule.

Kirkestuen

Byggfagavdelinga hadde besøk av elevar frå Lesja og Sel. Her er det Kristoffer Krokrud t.v. og Øystein Torsgård, båe Lesjaverk, som får hjelp av ( ståande bak ) Ingrid Tungen og Syver Rykhus Aa til å byggje leikarstugu.

Kirkestuen

Frå v. Jo Terje Åndheim og Børre Barkenæs, båe frå Otta skule, lærer korleis ein skal handtere spikarslag med god hjelp av Kjell Moen og Lars Hole.

Kirkestuen

Ved hjelp av i-Pad'n sin teiknar og forklarer lærar Harald Egil Smette om alt det spennande som finst på himmelen vår. Han gav til og med dei besøkjande heimelekse om Jupiter!!

Kirkestuen

Mari Sverdrup frå Dovre u-skule studerer månen takka vere topp moderne utstyr.

Kirkestuen

Marianne Elise Lia og lærar Lars Tressum demonstrerer bølgjefysikk for nysgjerrige gjestar.

Kirkestuen

Som eit bilete av den indre atomstrukturen lærte Stian Killi og Marianne Angård om lysspektret frå ulike gassar.

Kirkestuen

Vertskapet tok seg godt av dei besøkjande. Mellom anna kunne Kristin Drogen by på nysteikte vaflar.

Tekst og foto Ove Kirkestuen

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken