Historisk møte - ny vidaregåande skule i Lom.
Frå vinstre m.a. prosjektleiar Svein Melseth og prosjektansvarleg SGS Ola Steinehaugen.
Historisk - i den forstand at dette var første byggjemøtet med brukarane etter at endeleg vedtak om byggjing av ny vidaregåande skule og fleirbrukshall vart fatta. Historisk-ved at prosjektet er så konkret at byggjestart er sett til måndag 5.desember.
Oppsummert, var hovudinnhaldet dette:
*Etasja med garderober, dusjar, svømmehall og styrke-/buldrerom blir tilgjengeleg det meste av tida, kanskje først stengt ei veke i påska.
*Nyheiter blir lagt ut kontinuerleg på heimesida åt Lom kommune.
*Byggjemøter anna kvar veke.
*Byggjegjerder vil føre elevane trygt forbi byggjeplassen.
*Omkring 1.april byrjar gravinga åt fleirbrukshallen.
*Amfiet har plass åt 192 personar.
*Golv i fleirbrukshallen: Idrettsgolv(belegg), noko av det beste som er i dag, godkjent i høve krav frå departemenetet.
*Det er avsett ein sum åt inventar og utstyr i vestibyle og hall. Må setjast ned ei gruppe for å vurdere behovet.