Hemmelegheitsfulle jenter!

Latter høyrest rundt kopimaskina.  Der finn oss frå vinstre Ingvild Brandsarbakken, Andrea Odden og Torunn Stadeløkken i sprudlande og forventningsfullt humør:  Kva i alle dagar er det som skjer? 

Jentene dreg på det.  Alle går i treia klassa.  Og ja, det byrjar nærme seg jul.  Ein svak mistanke gryr fram, og som etter kvart blir bekrefta.  Det er sjølvaste russejulbordet eg har framfor meg.  Det årvisse, som russen inviterer til.  Først volleyball for heile skulen.  Så pyntings og på med finstasen.  Gjerne ein tur innom frisøren eller frisørdama.  Alt etter som. Så julbordet - russejulbordet.  Som alle gler seg til.  Der gutane syng for jentene.  Og jentene for gutane.  Kva kan dei finne på i år?  Men meire er det ikkje råd å få ut av jentene.  Men kopimaskina går.  Kopiar på glade farge-papir.  Som høgtideleg skal bli delt ut i morgon, på fredagen den 25.november, ein invitasjon til kvar elev og kvar tilsett.  Kva inneheld invitasjonen?  Spanande.  Vi kan knapt vente til morgondagen kjem.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken