Frohe Weihnachten , Bon Noёl og Feliz Navidad i Lom
Maten må lagast før han kan etast. Sigri Bakken Sperstad og Sigrun Bakken ved omnen. Studentane fortalte kvarandre korleis jula blir feira i desse tre landa, og hadde også allsang av julesangar på dei tre språka.
Julstemning på skulen: Fredag den 16. desember var det eit felles arrangement mellom elevar som studerer tysk, fransk og spansk i første klasse i Lom .
Studentane fortalte kvarandre korleis jula blir feira i desse tre landa, og hadde også allsang av julesangar på dei tre språka. Dei har også prøvd å lære kvarande litt av språka dei studerer, såkalla miniundervisning. Det var imponerande å høyre kor flinke elevane var i sine respektive språk.
Dagen før hadde studentane tilberedt mat som var typisk for landa dei skulle presentere. Denne maten vart nå servert. På menyen sto den spanske Crema Catalana og Topas, den franske sjokolademousse og den østerrikske Sachertorte. Alle rettane fall i smak, og det vart eit hyggeleg arrangement. Etter ei evaluering vil skulen prøve å utvikle prosjektet vidare.
Julhelsingar på tysk, fransk og spansk.