F(r)isk start på det nye året
Sporty elevar på vg1 naturbruk starta det nye året med isfisketur på Flatningen. Turen inngår i faget "Naturbaserte aktivitetar", og ga elevane nyttige friluftserfaringar i tillegg til god fangst.
Utstyrt med truger, mykje varme klede, pilkestenger og maggot var det populære fiskevatnet Flatningen i Vågå målet for elevane på vg1 naturbruk tysdag.

Etter å ha bora opp hol og "mata" med tjuke, var det så om å gjere å få fisken til å bite....

Torje med ein av fiskane han tok. Han tok også dagens største, ei røye på ca halvkiloen.

Noko av dagens fangst.

Bålkos høyrer med på tur, og gjer ekstra godt når gradestokken kryp ned mot minus 20 ........

Det er utruleg vakkert i fjellet nå. Utsikt frå isen.