Friluftsliv - populært fag i Lom

Reiseliv er ei viktig næring hos oss,  med så mange nasjonalparkar rundt ikring. Frå midten av mai til etter skulestart kryr det av folk i området.

 

Mange av elevane våre arbeider som fjell- og breførarar om sommaren.  Nokre har hatt det som ordinært arbeid over fleire år.  

Det er viktig at utdanninga følgjer "norsk standard", fastsett t.d. av Turistforeininga, og at kvalitet og sikkerheit er sett i høgsetet.

Attendemeldinga frå reiselivsbedrifter i Jotunheimen er at turistar opplever at lokale fjellførarar som pratar dialekt, legg grunnlaget for ei meir heilheitleg oppleving.  

Ved å utdanne fjellførarar, som arbeider hos lokale reiselivsbedrifter, framstår skulen som medspelar i utvikling av lokalt næringsliv.

 

På veg mot land.  Turen i august var lagt til Skjåk.  Flott ver - og flott område.

På veg mot land

 

Det høyrer med å vaske kanoen etter bruk

Padling i Skjåk

Dei fleste har nå kome i land.  Viktig å halde orden på utstyret og sørgje for at alt er som det skal.

Tydeleg at friluftsliv gjer godt for kropp og sjel.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken