Tobakks- og snusfrie - inviterte av Kreftforeininga
Frå høgre ser du Stine Leirmo, Liv Marie Øyjordet (helsesøster), Andrea Odden og Marit Sletten(leiar Elevrådet). Her sit dei og førebur innlegget til møtet som Kreftforeininga arrangerte i Skien i vinter.

På bakgrunn av spørsmål til fylkesordføraren nå på apriltinget, har ein artikkel i lokalavisa Fjuken i vinter fått fornya aktualitet. Der kunne nemleg journalist Vigdis Kroken fortelja at ingen elevar på studiespesialisering i Lom røykjer eller snusar. Av ei elvgruppe på godt 100 elevar utgjer elevane på studiespesialisering langt den største gruppa (85).
Dette har Kreftforeininga lagt merke til, og oppfordrar dei andre elevane i vidaregåande skular til å følgje eksempelet. Helsesøster Liv Marie Øyjordet har hatt ei god hand på rattet med å følgje opp antirus kampanjen som m.a.fylkesopplæringssjefen sette i verk for nokre år sidan.
Kreftforeininga inviterte på bakgrunn av dette helsesøster og elevar til å orientere om det arbeidet som har vore utført ved skulen. Møtet var ei landsomfattande konferanse. Siktemålet var å spreie kunnskap om god praksis og gode haldningar til andre vidaregåande skular i landet.
Hovudbodskapet er å arbeide mot røyk og snus på brei front, og setja arbeidet inn i ein vid helsefremjande samanheng. Dette har skulen vorte sett i stand til dette skuleåret ved at fylket tildelte avdelinga i Lom kr 30 000 til helsefremjande tiltak. Det er vi takksame for. Vi ønskjer lykke til og håper fleire unge sluttar med tobakk og snus.
På bakgrunn av dette kan Nord-Gudbrandsdal vgs, avdeling Lom vera ein del av det svaret som fylkesordføraren gje fylkestinget: Når elevar ikkje røykjer eller snusar, er det liten grunn til å tru at det eksisterer eit stoffproblem ved skulen.