Felles skidag for Nord-Gudbrandsdal vgs
Etter initiativ frå elevrådet vart det fredag 1. april arrangert felles skidag for alle elevar, lærarar og assistentar på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule.
Utgangspunkt for dagen var Lemonsjøen Skisenter, som baud på nypreparert alpinbakke, elevvenlege prisar og ulike aktivitetar i bakken. Været var upåklageleg, med varmegrader og strålande sol, så det var svært mange tilfredse elevar og tilsette å sjå denne dagen.

Ca 160 elevar stod på alpinski, telemark eller snowboard...

..... medan andre aka på ulike framkomstmiddel

Aking på elefant!

.... og aking på flåte
Lemonsjøområdet har også flott løypenett for langrenn, så det var mange som gjekk "Lemonsjøen rundt" denne dagen:
Ved Valdesetrene hadde elevar og lærarar frå avd. Hjerleid pause og bålplass

Over mot Tesse og Trollhø fann vi tilsette ved avd. Lom som hadde svært god evne til å kose seg i sola! :-)

God driv i skisporet

...... og god driv over kjelkepigginga
Dei fleste avslutta dagen ved skisenteret, med grilling og bålkos som avd. Lom hadde ansvaret for:

Frå basecamp til naturbruk