Felles satsing mot frafall i Nord-Gudbrandsdal

Fredag 29. januar var lærarar og leiing ved alle ungdomsskular og vidaregåande skule avdelingar i Nord-Gudbrandsdal samla i Vågå for å få felles fagleg påfyll om tema fråfall og for saman å diskutere dette viktige og samansette feltet.

 

Trond Buland

Nestleiar ved Nord-Gudbrandsdal Vidaregåande Skule åpna dagen og ynskte alle velkomne til Vågå. Deretter hadde Utdanningsdirektør Trond Johnsen eit innlegg om fråfallsproblematikken sett frå fylkesmannen sin ståstad.

Dagens hovedinnlegg var ved seniorforskar Trond Buland frå Sintef i Trondheim. Buland viste til forskning og leda forsamlinga gjennom eit interessant foredrag om kva faktorar som verkar inn på graden av gjennomføring i vidaregåande skule.

Lærarane frå ulike skular vart sett saman på grupper for å diskutere kva dei såg som utfordringar og moglege tiltak i arbeidet etter lunsj. Det var oppretta heile 23 grupper som satt i kulturhuset i Vågå og på Vågå ungdomsskule.

Gruppearbeid

På slutten av dagen var tida sett av til å arbeide saman i faggrupper. Dette er noko som har vore etterspurd av lærarar både i ungdomsskulen og i vidaregåande og endeleg fekk vi møtes for å starte opp fagsamarbeidet.

Yrkesfaglærarane avslutta dagen med ei samling saman med leder for fagopplæringskontoret i fylkeskommunen - Asbjørn Skogum.

Asbjørn Skogum

Presenatasjonane frå dagen finn du her:

Trond Johnsen

Trond Buland

Jan Roger Øien

 Asbjørn Skogum

 

 

 

 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken