"Enig og tro til Dovre faller - 2014"
Torsdag 16. februar var reiselivselevane på avd. Hjerleid på seminar på Toftemo turiststasjon. Seminaret var eit «oppstartseminar» for prosjektet : «Enig og tro til Dovre faller – 2014». Programmet var tett og inntrykka mange.
Korleis kan ein profilere Dovrefjell som destinasjon?, var eit av mange spørsmål som blei reist. Eit av svara er kanskje ein «Dovre-app»? Kom deg ut på tur, bruk Smart-telefonen din, og få høyre historia om Ska-Eldri; akkurat når du står ved plassen der ho blei avretta ein gong på 1700-talet.
