Elevrådsarbeid på avd. Otta
Elevrådet ved avd. Otta skuleåret 2009/2010 er godt i gang med arbeidet. Alle tillitselevar og varatillitselevar har vore på elevrådsseminar, og elevrådet hadde sitt fyrste møte den 18. september. Viktigaste sak å arbeide med i nær framtid er Operasjon Dagsverk den 29. oktober.
Dei 25 elevane som utgjer elevrådet på N-G vgs, avd. Otta er godt i gang med arbeidet. Den 10. september var alle tillitselevar og varatillitselevar på seminar, der dei i tillegg til å bli godt kjende, fekk ei grundig innføring i kva det inneber å vere tillitselev for klassa si. Avdelingsleiar Birgit Dyrset stod for opplæringa, og ho kunne fortelje at avd. Otta så tidleg som på 80-talet utarbeidde eiga opplegg for elevrådsskolering.
Tillitselevane fekk i oppgave å lage tankekart over kva det betyr å vere ein god tillitselev. Som vi ser av dette kartet er det viktig at tillitseleven både brukar hjertet, ljospæra, øyra og boka når ho/han skal utøve det viktige vervet sitt.
Elevrådsleiar Ole-Magnus Aamodt gjekk gjennom vedtektene til elevrådet, og sjekka ut om kunnskapane satt ved å gjennomføre "vedtekts-quiz" i etterkant. Gruppa som vann vart lova heider og ære på skulen si heimeside, og dei er hermed presenterte:
Frå venstre og rundt bordet: Kjersti Sandviken, 2STS, Rasmus Nordal, 2TIP, Per Ivar Hoff 1STS og Janne Marie Fosse Skjåk, 2 RM.
Frå handlingplanen til elevrådet skuleåret 2009/2010 finn vi mellom anna desse sakene:
- Arrangere Operasjon Dagsverk den 29. oktober
- Delta aktivt i rehabiliteringsprosessen på skulen
- Ta opp att arbeidet i Miljøkomiteen. Evt. delta i prosjektet "Grønne energi- kommuner"
- Arbeide for auka elevengasjement både i elevrådet og skulen forøvrig