Frå vinstre finn oss brannsjef Atle Festervoll, ingeniør i Lom kommune, Kåre Frydenlund, og vaktmester Stein Kåre Rusten.
Tilsynet er regulert gjennom Brannlova - og eksplosjonslova m/forskrift. Det er eit omfattande regelverk med strenge krav til dokumentasjon. Her kan nemnast krav om å ha utført risikoanalyse, t.d. tenkje etter om det er lagra eller i bruk farlege stoff eller gassar. Eller om ein har gode rutinar for å halde god orden i klasserom og rømningsvegar, eller for å ta ut kontakter som i vasskokarar. Like eins må skulen dokumentere at det er gjennomført brannøvingar. I år greidde vi å utføre evakueringa på omkring eit minutt frå alarmen gjekk til elevane var framme på fastsett møtestad. Nytilsette lærarar skal få ei innføring i lokale rutinar og ansvarsfordeling, og dei må skrive under på at dei har fått slik innføring. Like eins skal rutinar gåast igjennom med personalet to gonger i året.
Bakgrunnen for denne lovgjevinga er sjølvsagt å hindre brann- og personskader. Og sikre trygge arbeidsforhold for elevar og tilsette.
Ein gong i året blir det sendt melding til Oppland fylkeskommune om helse-, miljø- og sikkerheitsrutinar på arbeidsplassen.