Oppfølgingstenesta -OT

 

Oppfølgingstenesta

Oppfølgingstenesta arbeider med og for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring til og med det året dei fyller 21 år.

 

Oppfølgingstenesta skal kontakte deg dersom du
* ikkje har søkt vidaregåande opplæring
* ikkje har teke imot tildelt elev- eller læreplass
* har avbrote opplæringa før ho er ferdig
* ikkje er i arbeid
* har tapt opplæringsretten som følgje av vedtak om bortvising for resten av skoleåret eller heving av lærekontrakta

Oppfølgingstenesta skal hjelpe til med å formidle tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetjing.

Opplæringa skal så langt som råd er, føre fram til formell kompetanse.

Oppfølgingstenesta samarbeider med fylkeskommunale, kommunale og statlege instansar som òg har ansvar for ungdom.

Du kan sjølvsagt ta kontakt med oppfølgingstenesta på eiga hand. Næraste vidaregåande skole eller inntakskontoret kan gje deg adresse og telefonnummer til oppfølgingstenesta i ditt område.

Morten Sletten

OT-Koordinator i Nord-Gudbrandsdal er Morten Sletten. Du når han på telefon 61 21 54 93 eller epost Morten.Andre.Sletten@oppland.org

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken