Ombygging av avdeling Otta

Elevar som startar på avdeling Otta hausten 2010 vil flytte inn i ein ombygd, men ny skule. Heile skulen med klasserom og fellesareal har fått ei total oppgradering og vil framstå i ny og moderne form. Verkstader, kjøken og spesialrom er ombygd med tidsmessig utstyr. Sjølve skulen blir ikkje utvida, men kulturhuset i Sel blir ein del av felles bygningsmasse som skulen kan bruke på dagtid. Her er det plass til alle elevar samtidig og gode moglegheiter for fellessamlingar, konsertar og kino.

Nedanfor: Den nye kultursalen tek etterkvart form:

 

Fordeling av klasserom og lærararbeidsplassar blir totalt endra. Klasseromma blir samla etter utdanningsprogram. Naturbruk vil t.d. ha sine klasserom i eit område av bygget, helse og sosialfag i et anna. Lærarane vil ha arbeidsrom nær elevane dei underviser mest, saman med kollegaer frå same utdanningsprogram eller same fagområde. Idrettsfagslærarar sit for eksempel saman. Det same gjer realistar og filologar. Denne plasseringa er gjort både for å styrke kontakten med elevane og fagamarbeidet mellom lærarane. 

Felles møteplassar for alle elevar vil bli godt ivaretatt. I tillegg til kultursalen vil den store, luftige kantina med enda betre utsikt mot elva, bli den naturlege daglege samlingsstaden. Det same vil gjelde biblioteket som er utvida og med enda fleire studieplassar. Felles læringsareal utanfor klasseroma vil og finnast.

  

Her kjem biblioteket; stort, luftig og plassert sentralt i bygget:  

Oppsummert: Ombyggingaa er i rute, og opninga vil skje til skulestart hausten 2010. Kultursalen skal etter planen bli opna etter haustferien.

 

Nokre glimt frå byggefasen:

Byggestarten hausten 2009. Utgraving av tomta for kultursalen:

 

Ingen byggeplass uten kran...

 

I  byggeperioden har elevane undervisning i fleire lokalar utanfor skulen, og fleire klasser har undervisning i brakkeriggen bak skulen:

 

 

Store delar av "B-blokka" er allereie ferdig renovert og teke i bruk. Her er nokre bilete frå klasserom, grupperom og frisørsalongen:

 

 

 

Ombygging av A-blokka går sin gang. Glas, lys, luft og farger vil prege både klasserom, grupperom, arbeidsrom og fellesareal. Her er nokre bilete:

 

 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Ole-Petter Hansen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Jan Harald Syrstad, Jehans Storvik, Terje Bekken