Historie

Skulehistorien for avdeling Otta:  

Forløparen til den vidaregåande skulen på Otta er den lokale handelsskulen;  Haugens handelsskole, som kan førast attende til 1940-talet. Olav N. Haugen var rektor frå skulen starta og fram til 1983.

Frå 1970 vart det starta forsøksvirksomheit med 1 og 2-årig grunnkurs for handel og kontor på den lokale handelsskulen. Namnet på skulen vart Gudbrandsdal yrkesskole for handel og kontor.

I 1972 vart det etablert gymnasklasse ved skule. Denne vart vidareført som 3-årsløp. Skulen heldt denne tida til i leigde lokaler rundt omkring på Otta, og buss frakta elevar mellom skulelokala i alle friminutt.

I 1978 vart det gjort vedtak om å bygge eit nytt, kombinert skuleanlegg i Øyaområdet. Innflytting i nybygget skjedde i februar 1981.

Johan Storm Munch var rektor ved skulen frå 1983 til 1990. Dette var ein kraftig ekspansjonsperiode for skulen: Skulen fekk fleire nye liner/studieretningar, mellom anna Idrettsfag, Helse - og sosialfag, Frisørfag. Skulen hadde sitt største elevtal i 1989 med 615 elevar.

Ole-Petter Hansen overtok som rektor i 1990. Utover i 90-åra var det eit aktivt utviklingsarbeid ved skulen. Som eit resultat av det vart skulen utpeikt som nasjonal demonstrasjonsskule for perioden 2003-2005. 

I 2004 vedtok å Oppland fylkeskommune å slå saman skulane i Norddalen. Otta vart, saman med Hjerleid, Klones og Lom avdelingar under den nye Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Ole-Petter Hansen vart rektor for den samanslåtte skulen, og Birgit Dyrset vart avdelingsleiar for avdeling Otta.

Skuleåret 2009-10 blir skulen totalrenovert. Hausten 2010 vil elevar og tilsette flytte inn i ein ombygd, moderne skule. Eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Sel kommune gjer at det og blir bygd ein topp moderne kultursal som ein del av skulen. 

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule: Avd. Otta, Skansen 7, 2670 Otta.  Telefon 61 21 54 00.  Avd. Hjerleid, 2662 Dovre, tlf. 61 24 23 30.  Avd. Lom, 2686 Lom, tlf. 61 21 92 70

Ansvarlig redaktør: Solveig Rindhølen. Web-ansvarlige: Ingrid Vorkinn, Ove Kirkestuen, Jehans Storvik, Terje Bekken